Eit språk spreidd for alle vindar

May 18, 2018

Korleis berga eit språk frå å forsvinna når språkbrukarane flyttar frå Midtausten til ulike europeiske land?

Ikkje alle som flyttar til Europa frå Midtausten, har store språk som arabisk, tyrkisk eller kurdisk som morsmål. Turabdin sør i Tyrkia var ein gong kjerneområdet for ei folkegruppe som snakkar det arameiske språket surayt. I tillegg er dei kristne, og er dermed både ein språkleg og ein religiøs minoritet i Midtausten. I dag er det få att i det gamle kjerneområdet, og mange er spreidde rundt i ulike europeiske land. UNESCO vurderer språket surayt, eller turoyo som deg òg blir kalla, som «severely endangered» – eit alvorleg truga språk.

Universitetet i Bergen gjennomførte 2014-2017 Aramaic Online-prosjektet (AOP) saman med fire andre institusjonar: Freie Universität Berlin, University of Cambridge, Universität Leipzig og det syrisk-ortodokse klosteret i Nederland. Professor Shabo Talay var fagleg leiar av prosjektet, som vart finansiert med midlar frå EU.

Laga av Arve Kjell Uthaug

AOP har heimesida www.surayt.com.

00:0000:00